Me Visste Kim Du Va

Me visste kim du va og kor du kom fra
Me såg det på deg
Det gjekk rykter om deg og om ting du gjorde
Folk va heilt i frå seg
Så kom du inn i by'n og og folk flokka seg rundt deg
Dei ville sjå deg
Du va kjendis og du hadde ingenting imot det
Me såg det på deg

Om du berre hadde heldt deg til tricks
Og vanlege lurerier
Om du berre hadde vore ein av dei
Som for med store ord og profetier
Tru meg då sko me ikkje gjort deg noke

Her kom du og du hevda du va meir enn en trollmann
Du va altfor ekstreme
Du sa at du va Gud at du va menneskjesonen
Du blei reina problemet
Du sa at du var lyset og du ville gje oss livet
Hvis me trudde på deg
Men me visste kor du kom frå du va ein nasarear
Det såg me på deg

Om du berre hadde heldt deg til tricks
Og vanlege lurerier
Om du berre hadde vore ein av dei
Som for med store ord og profetier
Tru meg då sko me ikkje gjort deg noke

Du gjorde mange gode ting og sa så møkje fint
Me hadde møkje å læra
Men det at du va Gud og at du kunne frels' oss
Det kunne du latt vera
Det e grenser for kor møkje ein mann kan akseptera
Me forstår'kje koss du kunne
Komma her og påstå at du kjente våre hjerter
At me va rett og slett vonde

Om du berre hadde heldt deg til tricks
Og vanlege lurerier
Om du berre hadde vore ein av dei
Som for med store ord og profetier
Tru meg då sko me ikkje gjort deg noke

Du sa at du va konge men du hadde'kje soldatar
Kor e logikken
Du sa at du va mektig men du va for å vaska føter
Va det ein del av taktikken
Me va vel litt for harde då me nagla deg til krossen
Me hadde vel panikken
Og nå seie dei du leve men sånt skjer jo ganske sjeldent
Ifølge statistikken

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Bjørn Eidsvåg

Autres artistes de Middle of the Road (MOR)