Di Ingebjørg

Så mange tusen dråper ramlar ned
Og hår og sminke går i sønder
Og stega som eg går no utan deg
Dei ber kun halvvegs heim

For du elska meg så stille
Eg høyrde berre det eg ville

Byen er så tom no utan deg
Åh eg er lost på framand veg
No har eg kun ei regning etter deg
Som eg må ta
For all den tid eg var
Di Ingebjørg

Den siste gjesten har takka for i kveld
Og eg eg trur eg er aleine
Då kjem du her med natta likevel
Så nær eg nesten kan nå

Åh du elska meg så stille
Kan du bli litt kjære snille

For Oslo er så tom no utan deg
Åh eg er lost på framand veg
No har eg kun ei regning etter deg
Som eg må ta
For all den tid eg var
Di Ingebjørg

Gullet
Det som me skulle
Finne du og eg
Før skyer var på veg
Åh du hadde boge
Og eg hadde pil
Og vi skaut oss ut og fri

Åh eg er så tom no utan deg
Eg går meg vill på framand veg
No har eg kun ei regning etter deg
Som eg må ta
For all den tid eg var
Di Ingebjørg

Curiosités sur la chanson Di Ingebjørg de Ingebjørg Bratland

Quand la chanson “Di Ingebjørg” a-t-elle été lancée par Ingebjørg Bratland?
La chanson Di Ingebjørg a été lancée en 2019, sur l’album “Di Ingebjørg”.

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Ingebjørg Bratland

Autres artistes de Pop rock