Anne i Birkelunden

Det er langt ifrå Paris og til Birkelunden
Men det er her ein oftast er i
Ein vårdag med fri
Og linerler i

Det er her ein ligg og smeltar for sol som snøen
Og det er utruleg kor varmt det kan bli
I Oslo denne tid
Og det er linerler i

Og du kan reise til Paris og i Montpelier
Men kva skal du der når Anne er her
Og det er her Anne brukar å ver'
Det skin av eit fjell og det syng og det snogar ein vinter i kvart ord

Det sildrar ein bekk og renn og det kvitrar ein vår i kvart eit ord
Og verden er stor men Anne er her nord
Ho sei' namnet sitt så varmt at det i panna piplar
Ja det er blåklokker og solmogne ber

Som blandar seg der
Med Anne
Og du veit at i Paris er den store kjærleik
Under triumfbogen er det som skapt

Å la hjartaet sitt gå tapt
Til Anne
Du kan reise til dit eller til Montpelier
Men kva skal du der når Anne er her

Og det er her Anner brukar å ver'
Det blenkjer av svaberg og sjø og ein skinande sommar i kvart ord
Det gulnar ein åker og raudnar og skirnar ein haust i kvart eit ord
Og verden er stor men Anner finn du mest av i nord

Curiosités sur la chanson Anne i Birkelunden de Odd Nordstoga

Quand la chanson “Anne i Birkelunden” a-t-elle été lancée par Odd Nordstoga?
La chanson Anne i Birkelunden a été lancée en 2010, sur l’album “November”.

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Odd Nordstoga

Autres artistes de Hardcore metal