Eg Ser Det
Eg ser det på blikka ho sender
Eg ser det på lepper og lår
Eg ser det i måten ho vender
Eg ser det i måten ho står
Eg ser det i kurva langs kinnet
Langs halsen frå bryst til bryst
Det som ho har inni sinnet
Som tirrar ein svekling si lyst
Men det som forundrar forundrar meg mest
Er måten ho skjuler det på
Det er det som viser det best
Eg høyrer det i det ho seier
Eg kjenner det i hennes pust
Og orda ho bruker dei leier
Mot slutningen meire robust
Eg ser det i måten ho går på
På hofta og nedover lår
Så kjenner eg og det eg ser då
Fornuften får tronge kår