Min eigen song
Eg er han som teier i skogen
Eg er han som sjeldan får svar
Eg er bror til dei byksande harar
Og mårens åndelege far
Eg slår kløktige akkordar
På min eigen indre gitar
Melankoliens avenyar
Der var eg heime ein gong
Eg trudde alt det vakre som Astrud Gilberto song
Med Marty Paich sitt orkester
I nittensekstifem
Og diktarens ord kom føre meg
"Du skal aldri komme hjem"
Eg har ein vind i mitt hjarte ein saksofon i mitt bryst
Eg eig eit sommarleg minne
Om jentene eg har kyst
Eg står her no og teier
Nett så lenge eg har lyst