Pilegrim II

Dette er ein gamal veg
Der fut og fant fór fram ein gong
No ber vegen mine steg
Og røysta mi ber fram ein song

Dette er ein skog med folk
Frå løynde rike gløymde bort
Ser på alt med unders augo
Dukkar snøgt fram gøymest fort

Dette er ein heilag fred
For hjarta Lat den stige ned
Og fylle mjukt kvar sjel i kyrkje
Synagoge og moské

Denne duva kjem til deg
Som leitar etter veg å gå
Send ifrå den stad du strevar
For å hugse namnet på

Dette er ein heilag fred
For hjarta Lat den stige ned
Og fylle mjukt kvar sjel i kyrkje
Synagoge og moské

Dette er ein himmelstige
Englar lyser rad på rad
Jakob såg han og Kong Olav
I siste draum før Stiklestad

Dette er ein heilag fred
For hjarta Lat den stige ned
Og fylle mjukt kvar sjel i kyrkje
Synagoge og moské

Dette er eit stille hus
Med dagar lagde stilt i ring
Vegger varme av ditt nærvèr
Ljoset ditt i alle ting

Curiosités sur la chanson Pilegrim II de Odd Nordstoga

Quand la chanson “Pilegrim II” a-t-elle été lancée par Odd Nordstoga?
La chanson Pilegrim II a été lancée en 2008, sur l’album “Pilegrim”.

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Odd Nordstoga

Autres artistes de Hardcore metal