Mellom bakkar og berg
Mellom bakkar og berg ut med havet
Har nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv har tuftene grave
Og set sjølv sine hus oppå dem
Han såg ut på dei steinete strender
Der var ingen som der hadde bygt
"La oss rydde og bygge oss grender
Og så eiga me rudningen trygt"
Han såg ut på det bølgete havet
Der var rusket å legge utpå
Men der leika fisk nedi kavet
Og den leiken den ville han sjå
Fram på vintern stundom han tenkte
"Om eg var i eit varmere land"
Men når vårsol i bakkene blinka
Fikk han lyst til si heimlege strand
Og når liene grønska som hagar
Når det laver av blommar på strå
Og når netter er lyse som dagen
Kan han ingen stad venere sjå
Mellom bakkar og berg ut med havet
Har nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv har tuftene grave
Og set sjølv sine hus oppå dem