Møte

Edvard Grieg, Arne Garborg

Ho sìt ein sundag lengtande i li
Det strøymer paa med desse søte tankar
Og hjarta fullt og tungt i barmen bankar
Og draumen vaknar bivrande og blid
Daa gjeng det som ei hildring yvi nuten
Ho raudnar heit der kjem den vene guten

Burt vil ho gøyme seg i ørska braa
Men stoggar tryllt og augo mot han vender
Dei tek einannan i dei varme hender
Og stend so der og veit seg inkje raad
Daa bryt ho ut i dette undringsord
Men snilde deg daa at du er so stor

Og som det lid ti svale kveldings stund
Alt meir og meir i lengt dei saman søkjer
Og braadt um hals den unge arm seg krøkjer
Og øre skjelv dei saman munn mot munn
Alt svimrar burt og der i kvelden varm
I heite sæle søv ho i hans arm

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Edvard Grieg

Autres artistes de Classical Symphonic