Vond Dag
Edvard Grieg, Arne Garborg
Ho reknar dag og stund og seine kveld
Til sundag kjem han hev so trufast lova
At um det regnde smaastein yver fjell
So skal dei finnast der i "gjærtarstova"
Men sundag kjem og gjeng med regn og rusk
Ho eismal sìt og græt attunder busk
Som fuglen saarad under varme veng
So blode tippar lik den heite taare
Ho dreg seg sjuk og skjelvande i seng
Og vrid seg natti lang i graaten saare
Det slit i hjarta og det brenn paa kinn
No maa ho døy ho miste guten sin