Når alt er sagt og gjort

"Denne byen mangla sjel" eg
Kan hugse når du sa det
For ingen hadde rom for slike
Tanka som du bar
Dei slo draumen din i hjel
I ein nattemørk arkade
Du var blind og du var
Stum men lytta imot vinden etter svar
Alle spurde deg om hjerter men
Du hadde berre spar
Dei sa du aldri fann fred
At det var noko som var gale
Du tok hyre på ein båt
Og såg åra gli forbi
Men hadde ingenting å gi
Då det var tid for å betale
Og ka enn du prøvde på
Var det alltid ein uskyldig som fekk svi
Men heile tida høyde du ei anna melodi
Det vil gå seg te
Ver du trygg på det
Noko kjem te å skje
Som ingen tå oss hadde regna med
Og du har vel høyrd om han
Som trur han sit på alle svara
Som dela ut poeng te alt og
Alle frå sitt høge tårn
Me skal slåst til siste mann
Ifra Voss til Niagara
Ikkje døy på sotteseng
Men med sverd i handa i ein vinterstorm
Vel eg kjenne meg litt nedfor no
Eg e visst ikkje heilt i form
Det vil gå seg te
Ver du trygg på det
Noko kjem te å skje
Som ingen tå oss hadde regna med
Det vil gå seg te
Ver du trygg på det
Noko kjem te å skje
For alt som har gått opp skal gå ned
Det vil gå seg te
Ver du trygg på det
Noko kjem te å skje
Som ingen tå oss hadde regna med
Det vil gå seg te
Ver du trygg på det
Noko kjem te å skje
For alt som har gått opp skal gå ned
For når alt er sagt og gjort
Er'e det eg regna med
Og når alt er sagt og gjort
Er'e det eg regna med

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Hellbillies

Autres artistes de Pop rock