Symposion

Arnljot Eggen, Lars Klevstrand

SYMPOSION
Arnljot Eggen

Eg dukkar inn i skuggen på terassen
Når sola dirrar i sitt mest intense skin
Der venta Niko på den vante plassen
Og blide Sevastine kjem med mat og vin

Kor finst det slike fargeglad' salatar
Med svart oliven, grøn agurk, og kvit som snø
Ligg ost på raude skiver av tomatar
I lag med gyllen lauk og munnen byrjar flø

Det dufter ferskt av brød når Niko bryt det
Og deler ut som følgjer han ein bibelsk skikk
Eit glas med kald Retzina, kor vi nyt det
Det er å skylle strupen rein med gudedrikk

Vi løfter glasa våre høgt og klinkar
For sprø Souvlaki krydra fint og lagt på grill
Og skålar sidan trygt om vinen minkar
Vi veit det alltid finst ei krukke til

Som filosof tar Niko snart til orde:
- å dele slikt eit prima måltid med ein venn
Når dagens tunge plikter vel er gjorde
Er eit fortent symposion for frie menn

For Niko er den kretisk suverene
Som óg har diktargåva i ein viss forstand
Og Sevastine, resignert, lar oss fortene
Ho veit at ingen av oss to har gjort det grann

Chansons les plus populaires [artist_preposition] Lars Klevstrand

Autres artistes de Middle of the Road (MOR)